Stadig opplever dei at helsepersonell snokar i journalane deira
Stadig opplever dei at helsepersonell snokar i journalane deira

(+) Stadig opplever dei at helsepersonell snokar i journalane deira

Fleire transfolk som er aktive i offentlegheita opplever mistenkelege oppslag i helsejournalane sine. – Det skal mykje til før oppslag i journal er lov, seier advokat.
Kva er problemet med at uvedkomande ser i helsejournalen din?
- Det gjev ein utryggleik, seier Anine Hartman, frivillig i PKI.
Hartman har arbeidd lenge med å søkja innsyn hjå Oslo universitetssjukehus (OUS) og NBTK, mellom anna for å finna kva brukarundersøkingane deira seier om kor nøgde pasientane er med tilbodet, samstundes som ho var under behandling der.
I haust oppdaga ho at tilsette ved to ulike avdelingar på sjukehuset på kort tid hadde gjort mange oppslag i journalen hennar samstundes som dei hadde innsynskrav frå henne til vurdering.